A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

2 stillingar på Årdal bibliotek

Ledig stilling

Me har ledig 2 stillingar på Årdal bibliotek, ei stilling i 100% som arrangementansvarleg, ei stilling i 30% som ansvarleg for biblioteket sine digitale tenester.

Årdal Bibliotek er i utvikling og me ønskjer oss medarbeidarar som vil vere med å utvikle biblioteket vidare som ein aktuell, levande møteplass og kunnskapsarena i lokalsamfunnet. Me ser etter personar som har erfaring og interesse for; Litteratur, formidling, arrangement og debattar, digitale tenester og sosiale media.
 
Arbeidsoppgåver
100% stilling som arrangementansvarleg;
Planlegging, marknadsføring og gjennomføring av arrangement, debattar og utstillingar, både i eigen regi og i samarbeid med andre.
Sørge for at biblioteket har eit aktuelt program som speglar samfunnet. 
Biblioteket sin representant i samarbeidsprosjekt som gjeld arrangement.
Vedlikehalde, utvikle og skape nye samarbeid med andre aktørar
Utarbeide aktuelle prosjektsøknader
 
Stillinga inngår i biblioteket sin vaktplan, og ein må rekne med ei kveldsvakt i veka, ei laurdagsvakt i månaden, samt ein del arbeid utanom ordinær opningstid i høve ulike arrangement.
 
30% stilling som ansvarleg for biblioteket sine digitale tenester;
Ansvar for å utvikle, drifte og formidle biblioteket sine digitale tenester, slik som eBokBib og PressReader
Delta i innhaldsproduksjon på sosiale media og biblioteket si heimeside
Arrangere spelekveldar for born
Brukarhjelp- og opplæring på pc, brett, mobil og biblioteket sine digitale tenester
Ein må rekne med ei kveldsvakt i veka, men ein del av arbeidet stillinga skal utføre vert lagt til denne vakta.
 
Kvalifikasjonskrav
Bachelor i bibliotekfag, eller anna relevant høgare utdanning
Gode datakunnskapar
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
For stillinga på 30% kan god realkompetanse og arbeidserfaring vege opp for manglande høgskuleutdanning
Førarkort for bil
 
Personlege eigenskapar
som blid, utadvent, positiv, engasjert, kreativ, praktisk, initiativrik, sjølvstendig, god på å bygge relasjonar og gode 
samarbeidsevner vil verte vektlagt.
 
Løn og tilsettingsvilkår
Stillingane vert  løna etter avtaleverket utifra utdanning og praksis
2 % vert trekt til tariffesta tenestepensjon.
Det er 6 månader prøvetid for nytilsette i Årdal kommune.
 
Søknadsprosedyre
Gå til ledige stillingar nede til venstre på Årdal kommune si heimeside www.ardal.kommune.no 
Der får du lista opp stillingar som er lyst ut. Klikk på den stillingen du vil søkje på, vel "søk stilling" i høgre bilete. Logg deg på med brukarnamn og passord.
 
Dersom du allereie er tilsett i kommunen eller har vore søkjar før så bruk tildelt brukarnamn/passord eller bruk "gløymt passord". Er du ny søkjar så må du registrere deg.
 
Følg instruksjon og trykk neste for å komme vidare.
NB! Det er kun endringar i CV som vert lagra dersom du loggar deg ut før du har sendt søknaden.
 
Alle søknader på ledige stillingar i Årdal kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp til innlegging, ta 
kontakt med Personalavdelinga på tlf. 57 66 50 00.
 
Etter at søknadsfristen er ute, vil du motta ei stadfesting på at søknaden er motteken.
Årdal  kommune praktiserer meiroffentlegheit. Opplysning om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar har oppmoda om det motsette. Søkjar vil da bli kontakta i framkant. Jfr. Off.lova § 25.
 
Søknadsfrist 17.12.2018.
 
Kontaktperson
Gry Hatlelid, Bibliotekar, mobil: 47261861, gry.hatlelid@ardal.kommune.no
Tips ein ven Skriv ut