A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

17. mai helsing frå Ordføraren

Kjære alle saman 

17 mai er rett rundt hjørnet, og i år blir det ei annaleis feiring enn me er vande med. Koronasituasjonen set kraftige restriksjonar
på korleis me kan feire vår nasjonaldag. Der me alle har vore vande med talar, tog , leikar for dei yngste, og kjempefine samlingar i idrettshallane,
er det anbefallt at me må fylgja gjeldane reglar for avstand, og ikkje i for store lag. Folk må i større grad feire med eigen familie heime i eigne hus og hagar.

Sjølv om samfunnet no forsiktig er i ferd med å opne opp att, er Korona noko me ikkje er ferdige med. 

Årdølene har vore flinke i denne perioden.
De har lytta til råd, og retta Dykk etter smittevernsråda som er gjeve av regjering og Folkehelseinstituttet. 
Fortsett med dette!!! Lytt til dei til ein kvar tid gjeldane råd, og forhold Dykk til desse. 

Kos dikka med familien og finn dykkar eigen måte å feire nasjonaldagen på i år, og så håpar me at me til neste år kan samlast om ei tradisjonell feiring. 

 

Til feiringa av nasjonaldagen skulle der eigentleg vore ei helsing frå ordføraren som skulle var lystbetont, farga av glede over å bu i verdens beste land, og bygd.
Folketog og korps, med ungar i fri utfoldelse. Flagg i raudt, kvitt og blått, og ein Russ i blomstring og feiring av å avslutta 13 år med skulegang ,og inngangen til vaksenlivet.

Dessverre blir det ikkje sånn, men eg håpar De alle kan kosa Dykk det beste De kan likevel.

Gratulera med dagen, og ha ei fin 17 mai 

Hilmar Høl
Ordførar

17 mai stein.jpg