A A A
Kontrastverktøy Kontrastverktøy

10-års taksering for utskriving av eigedomsskatt

Årdal kommune skal gjennomføre 10-års taksering for utskriving av eigedomsskatt, gjeldande frå skatteåret 2012.

Bustadeigedommar; Eigedomsskattetakstkontoret arbeider no med ajourføring/kontroll av grunnlagsdata (bygningsarkiv, GAB m.m.), på kvar einskild eigedom. Årdal kommune har tidlegare annonsert at synfaring av bustadeigedommane ville starta opp medio juni 2011. Ein informerar med dette om at synfaringane ikkje startar opp før tidlegast medio august.

Fritidseigedommar/hytter; Det skal også gjennomførast taksering av alle hytter/fritidseigedommar i Årdal kommune. Synfaringa på desse eigedommane startar 21.07.11, og vert gjennomført av firmaet Jessaa a.s. v/ Eivind Aarland. Det er ikkje teke stilling til om det skal skrivast ut eigedomsskatt på hytter/fritidseigedommar. Dette vert gjort i samband med handsaminga av budsjett 2012 for Årdal kommune.

Tips ein ven Skriv ut